top of page
Gå
før eg drep deg
før eg et deg levande
før eg brenn kvar lem
kvart hår
Gå
før du bryr deg
før du bryr meg
før vi tar gleda
og livet av kvarandre
Gå
før eg går ned i bru
og blir Tause Birgitte
og kjøper Fransk Bulldog
Gå
redd deg sjølv
frå å redde meg
frå å bera deg
når du helst vil
Gå

bottom of page